(Text: Ivar Aasen) Mellom bakkar og berg ut med havet heve nordmannen fenget sin heim, der han sjølv heve tufterna gravet og sett sjølv sine hus uppaa dem. Han saag ut paa dei steinutte strender det var ingen, som der hadde bygd. "Lat oss rydja og bygja oss grender, og so eiga me rundingen trygt". Han saag ut paa det baarutte havet; der var ruskutt aa leggja ut paa; men der leika det fisk ned i kavet, og den leiken den vilde han sjaa. Fram paa vetteren stundom han tenkte, giv eg var i eit varmare land! Men naar vaarsol i bakkarne blen kte, fekk han hug til si heimlege strand. Og naar liderna grønka som hagar, naar det laver av blomar paa straa, og naar næter er ljosa som dagar, kann han ingenstad vænare sjå.
Mellom Bakkar Og Berger Sözleri, AkorMerkezi.com'da yayınlanmıştır. http://www.akormerkezi.com
İçerik Kısa Linki:
Beğendiniz mi? Mellom Bakkar Og Berger Sözleri sayfasını Şimdi paylaşın:
Mellom Bakkar Og Berger Sözleri için Komoçotoko'dan Gelenler